Fredrik Flo fornyer
To nye år på sogndølen
Me er glad for å ha vorte samde med Fredrik Flo om to nye år i Skeid. Den danskfødde sogndølen kom til oss i fjor, og spelte 28 kampar i sin første sesong på Nordre Åsen. I år vart det 14 kampar og 2 mål før ein skade mot Alta sat han ut av spel resten av sesongen, men Fredrik er godt i rute til å bli klar igjen på nyåret.
- Eg er veldig glad for å bli samd med Skeid om ei forlenging. Det er ein flott klubb å spela for, og eg gler meg til framhaldet saman med ei fin spelargruppe. Me har noko spennande på gang med eit veldig kompetent trenarteam og ei sterk spelargruppe, både individuelt og kollektivt. Me skal setja eit godt avtrykk i OBOS-ligaen neste år, og det blir skikkeleg kjekt å vera del av.
Hovudtrenar Vilde Rislaa melder frå sin feriestad på austlegare breiddegrader at dette er ei viktig signering for henne og klubben.
- Fredrik er ein utruleg profesjonell, seriøs og hardtarbeidande spelar med utsøkt venstrefot. Det å ha med han vidare, som har erfaring frå det som ventar, er viktig for oss. Me gler oss til å få han i full trening igjen.
P.s I tillegg til å spela for Skeid jobbar Fredrik for OBOS, noko han har kombinert i vel eit års tid med bakgrunnen sin som byggingeniør